For nokre veker sidan arrangerte Bologna-prosessen i lag med nokre andre samarbeidspartnarar eit seminar i Armenia om finansiering av høgre utdanning. Av dei kring femti internasjonale deltakarane var heile fem frå Verdsbanken. Eg kan vel likegodt sei det fyrst som seist: det var mykje av Verdsbanken. Dei hadde og ei eiga plenumsinnleiing ved Jamil Salmi som koordinerar arbeidet med tertiær utdanning for Verdsbanken.
Refrenget både frå Salmi og i grunnen heile konferansen var meir resultatbaserte ordningar, fordi det er gjennomsiktig. Er det ein ting eg har lært på universitetet er at det er skilnad på teori og praksis. Det vil seie: ein ting er kva som står i eit regelverk, ein annan ting er dei som tolkar og arbeider med nemnte regelverk. Og så er det utfordringa eg alt har jamra over: det er grueleg vanskeleg å få taki gode indikatorar på kvalitet. Så ved å innføre resultatbaserte ordningar risikerar ein å få det ein ber om. Eit godt døme på dette er gjennomføringsgrad og publisering. Det er lønnsamt å få studentar igjennom på normert tid, men det i seg sjølv gjev ikkje meir kvalitet, og det er meir lønnsamt å dele artiklar i to halvgode framfor ein knak-god og heilskapeleg.
Det var for meg nærast litt ironisk at eit anna viktig verkty Jamil Salmi peika på var å ha leiingar med tydeleg ansvar og val- og tilsettingsordningar. For meg er det viktig at eit ansvarleg og etterretteleg styre har høve til å fungere som nett dette. Insentivordningar kan fort ende i opportunisme og dei er ikkje så enkle å endre på, medan eit styre kan i større grad ta omsyn til endringar og gjere vurderingar eit instrumentelt system ikkje kan.
Verdsbanken har til no ikkje hatt så mykje med Bologna-prosessen å gjere. Så har heller ikkje Bologna-prosessen i stor grad teke for seg den finansielle sida ved høgre utdanning tidligare. Men konferansen i Armenia ber tydelege teikn på at dette er i kraftig endring no. Så her gjeld det å stå hardt på gratisprinsipp og strategisk leiing framfor økonomiske insentiv i tida framover!

Me kan til tider masa mykje om at kvalitet ikkje kan målast gjennom kvantitet. Gjennomstrøyming i høgre utdanning er ikkje i seg sjølv eit teikn på kvalitet, til dømes. Men det er likevel ein ryggmergsrefleks å tenke at jo lengre ein person greier å snakke, med overtyding, frå talarstolen, og jo tjukkare boka, eller utgreiinga er, desto betre og viktigare er innhaldet!
Likevel vil eg tru at det er fleire enn eg som har erfart at når ein set seg ned for å lesa eit tjukt, viktig dokument, eller ein murstein av ei pensumbok, så er det langt mellom godbitane. Ofte så har ikkje forfattarane eingong greidd å samle det viktige. Det er kanskje taktisk smart frå deira side, for det fører til at me som les må lesa kvart bidige kapittel og avsnitt.
EU-direktivet om karamellimport har vorte ein klassikar i høve som dette. Det skal visstnok innehalde heile 26 911 ord, medan Dei ti bod greier seg med kring 300. Eg er så glad for at eg ikkje skal drive med karamellimport. Diverre er det mange innanfor det eg faktisk driv på med som likar å gøyme seg bak ord. For eg meiner at det ofte er resultatet. Har du eit godt bodskap, eller gode poeng, tåler det få ord og kan stå for seg sjølv. Men er det litt svakt er det kjekt å vera ein god retorikar og sei stabilitet i staden for stagnasjon og liknande. Dette har eg lært av ein dugande kokk: viss du er litt uheldig med maten du skal servere gjestene, så skal du skryte ekstra mykje av han, då slepper du som oftast unna med det.
Dette er tankar eg gjer meg når eg sit på kontoret midt på sommaren og skal pløye meg gjennom diverse utgreiingar der det stundom stend noko lurt eller viktig. Men det er langt mellom godbitane, og eg må eta opp heile konfektasken for å finne ut kven som var best.